top of page

Suldal Hyttebygg vart etablert i 2003 og har hovudkontor på Sand i Ryfylke
Me driv med bygging av hytter samt ombygging, påbygg og renovering av både hytter og hus. Ryfylke er vårt primære leveringsområde, og me har sett opp mange hytter på Gullingen i Suldal. Me har og mange oppdrag og hytteleveringar i nabofylker.
Sidan 2004 har med vore stolt leverandør av Hedda hytter på Vestlandet. Me tilbyr grunnmodellane Hedda og Hedvig som er begge solide kvalitetshytter med røter i norsk byggeskikk.
Me er opptatte av å vera med på å utvikle næringslivet i Suldal og bidra til lokal verdiskaping. Suldal Hyttebygg har forankra 3 verdiar som går igjen i alle ledd i verksemda vår og det er at me skal vera opne, lojale og ærlege. Dette gjeld særleg i vår relasjon med kundar, men også internt mellom tilsette og i samarbeidet vårt med leverandørar.
Som eit resultat av vårt arbeid med å leve opp til vår visjon og våre verdiar, vart Suldal Hyttebygg kåra til Årets Suldalsbedrift i 2017 og dette er me svært stolte av. I grunngjevinga for kåringa vart vårt miljøansvar framheva. Fokuset vårt på miljø har auka dei siste åra og i 2020 fekk me miljøfyrtårnsertifisering.
Lokale tømrarar
Suldal Hyttebygg AS har rundt 15 tilsette, innafor ulike fagfelt. Behovet for dyktige tømrarar er stort i vår bransje og Suldal Hyttebygg har høgt fokus på å tilby lærlingplasser innafor tømrarfaget. Me søkjer til ei kvar tid etter lærevillig ungdom, som ynskjer seg ei karriere innafor byggfag. Suldal Hyttebygg er også med på prosjektet «Læring i næring» der lokal ungdom får kjennskap til byggfaget og arbeidslivet gjennom å få arbeide hos oss utenom skuletid.



Utvalde prosjekt me har utført





bottom of page