Nytt kontor i Fonnafjord Næringspark, Kvinnherad

12. okt. 2022

29. september flytta me inn på nytt kontor i Fonnafjord Næringspark og me er no meir tilgjengelige for kundar i Sunnhordland og Bergens- regionen. Herifrå vil me markedsføre Hedda-hyttene våre i Kvinnherad, Ullensvang, Voss og Bergen. Frå Bergen blir det mogeleg å komma med båten til Rosendal og besøka oss midt i ei perle med flott natur og frilusftsliv i umiddelbar nærleik.

Fonnafjord Næringspark ligg strategisk til og her er me tilgjengelige for dei som vil hente ei hyttebrosjyre, slå av ein hytteprat og planlegge draumehytta si.


Om ikkje lenge vil også HEDDA HYTTER-skiltet også vera på plass på fasaden til Fonnafjord Næringspark