Velkommen til oss, Msgun og Hallvard

5. aug. 2022

Msgun Ghide Gheray og Hallvard Kristiansen Bakka har fullført to år på byggfag på Sauda Vidaregåande skule og tek no fatt på resten av utdanninga si som lærlingar hjå oss. Me kjenner dei godt frå før då dei har vore utplassert og ferievikar hjå oss tidligare. Me er veldig glade for å ha dei med på laget. Arbeidsomme og lærevillige er dei og me håpar dei finn seg godt til rette hos oss. Velkommen begge to!




Litt papirarbeid må gjerast fyrste dag som lærling.






Msgun og Hallvard var utplassert 4 veker hjå oss fjor haust, dei var då med på å bygge hytte i Åsliane.